Familieyoga på Gaupne ungdomsklubb

Har du lyst å gjere aktivitetar saman med nokon du er glad i? Laurdag 18. januar kan du og ungen/ungane dine bli med på ei gratis time med familieyoga. De vil lære nyttige verktøy til å finne ro og til å vere til stades her og no. De vil gjere aktivitetar som har fokus på samarbeid, glede og meistring. De treng ikkje kunnskap om yoga på førehand. Ha på behagelege klede og ta med drikke. Viss de ikkje har yogamatte, kan de låne av oss.

Forrige
Forrige

Gratis Yogakurs

Neste
Neste

Gratis føredrag med Line Marie Warholm