Ungdomsskule

Ungdomstida er prega av både spenning, utfordringar og moglegheiter. For mange markera overgangen til ungdomsskulen ein ny fase i livet, fylt med forventningar og usikkerheit. Det å starte på ein ny skule kan vere både spennande og skremmande på same tid.

Møte med nye klassekameratar og lærarar, saman med krav om å tilpasse seg eit nytt miljø, kan vere ei utfordrande oppleving. Det er viktig å behalde vennskapsrelasjonar og skape nye, det å høyra til og vere inkludert i fellesskapet er av stor betydning. Venner betyr mykje, dei har stor påverknad og det å ha eit støttande nettverk av jamaldringar kan gjere overgangen til ungdomsskulen lettare.

Gode relasjonar, både med jamaldringar og dei vaksne på skulen er avgjerande for trivsel, motivasjon og læring på skulen. Eit ope og inkluderande miljø der alle føler seg sett og verdsett, legg grunnlaget for eit godt og trygt læringsmiljø. Leikens betydning er og viktig for ungdommane.

Gjennom leik utviklar ungdom identitet, kreativitet og sosiale ferdigheter, det kan og vere ei kjelde til glede og avkobling i ein elles hektisk kvardag. Leiken bidreg til sterkare band mellom ungdom og fremjar kjensla av fellesskap og kan bidra til betre klassemiljø. Med fokus på vennskap, samhald, gode relasjonar og leik kan ungdom finne styrke og glede i fellesskapet med andre, og saman navigere gjennom ungdomstida sine mange opp- og nedturar.

Her finn du informasjon om kva ansvar og oppgåver skulehelsetenesta har, skulestart, foreldresamarbeid og forslag til korleis bygge eit godt lag med elevane.

verktøy for å styrke barn og unge si psykiske helse

Meir innhald kjem…

glede andre

takknemleg

vere saman med andre