Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 12-2 retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring».
bygge laget
Godt fellesskap i klassa er ei nødvendig ramme for danningsoppdraget til skulen. Det er viktig for at elevane skal vere trygge nok til å tore å prøve og feile. Å jobbe konkret med godt fellesskap er sentralt i skulen sin jobb for å førebygge mobbing og sosial isolasjon. Skulen er ein viktig treningsarena der elevane kan trene i fellesskap med andre. Å legge til rette for eit sosialt fellesskap, eit sosialt lim, som gir ei oppleving av tilhøyrsle, eit fellesskap elevane ynskjer å vere ein del av og vil identifisere seg med og eit klassemiljø med eit utvida normalitetsbegrep vil gi lite grobunn for sosiale dynamikkar og vil kunne hviske ut skilnaden på vi og dei andre. (“Vennskap og fellesskapsbygging som del av skulemiljøarbeidet “ v/forskar Selma Therese Lyng , AFI/OsloMet).
“Det gyldige vi”- “Det sosiale limet” er eit reelt og betydningsfullt fellesskap der alle ikke bare inkluderes- men også identifiserer seg med og aktivt ønsker å være en del av (Lyng 2020).
Å legge til rette for ein arena der alle kan vere saman utan å vere bestevenner. Å skape ei stor klassegruppe enn små vennegrupper er med på å førebygging mobbing (ung.no).

Skape trygge og gode fellesskap
-
…
-
…
-
…
Relasjonsarbeid
-
-
-
Markering av bursdagar. Å feire kvar einskild elev (og vaksen) som har bursdag gjennom året (hugs på dei som har bursdag i feriar) kan gjerast på mange ulike måtar. Forslag til korleis dykk kan markere bursdagar finn de under ekstramateriell til tema vennskap.