småbarn
90 % av norske barn i alderen 1- 5 år (97% av alle fem-åringar), gjekk i barnehage i 2015. Dette gjer at barnehagen er ein av dei viktigaste samfunnsarenaene utafor heimen. Det inneber at barnehagen er ein svært viktig folkehelsearena for dei yngste i befolkninga. Grunnlaget for god seksuell helse vert lagt allereie tidleg i småbarnsalder. Barna oppdagar og utforskar sin eige seksualitet, kjønnsidentitet og seksuelle identitet og stiller spørsmål relatert til kropp, kjønn og reproduksjon allereie frå 3-4 års alder. Kunnskap om kropp, kjensler og relasjonar er viktige forutsetningar for at barna utviklar meistringskompetanse for eige helse, og legg grunnlaget for ein helsefremjande livsstil og val seinare i livet (Snakk om det! Strategi for seksuell helse 2017 -2022).
Tema for småbarn
berøringar
august | september
Kjensler
oktober
vennskap
november
kroppen
desember
hemmeligheter
januar
takknemleg
februar
nettvett
mars
relasjonar
april
Verdiar og val
mai
Mangfald
juni