foreldresamarbeid
Føresette er ein uvurderleg ressurs i barna sine liv. Deira involvering, støtte og engasjement har stor verdi for utvikling og trivsel. Føresette kjenner barna sine best og kan bidra med verdifull innsikt og informasjon som kan vere til stor hjelp for å kunne gi barna ein best mogleg kvardag i barnehagen. Under finn du tips til korleis organisere foreldremøte, forslag til tema på foreldremøte og ulike malar for samtalar med føresette.

Foreldremøte
Foreldremøta er ein viktig del av samarbeidet mellom barnehagen og heimen, og har fleire formål:
Foreldra får informasjon frå barnehagen, om til dømes innhaldet i barnehagekvardagen, trivsel, kva tema barna arbeider med i perioden, retningslinjer, system og utfordringar i barnegruppa
Foreldremøta er ein viktig arena for å skapa dialog mellom barnehage og foreldra og å leggja til rette for felles språk for å forstå barna. Korleis kan foreldra påverka kvardagen i barnehagen?
Foreldremøta er ein viktig arena for å byggja foreldrefellesskap, der foreldra kan verta kjent med kvarandre, knyta band og utveksla erfaringar
Foreldrenettverk
I løpet av oppveksten skal ungane ta mange val, både små og store, som får konsekvensar for resten av livet. Å vekse opp i dag gir andre og betydeleg fleire utfordringar enn kva foreldregenerasjon møtte i oppveksten sin. Aldri har vi hatt fleire valmoglegheiter og høgare press. Barn og unge treng trygge vaksne som kan gjere nokon av vala litt enklare. Frykta for å bli ståande aleine er ei årsak til at nokon ungdommar tek uheldige val i oppveksten.
Foreldrenettverk handlar om at foreldre på ei avdeling i barnehagen eller i ein skuleklasse blir kjent med kvarandre gjennom sosiale møtepunkt. Foreldre er barna sine viktigaste støttespelarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å ha nokon å dele erfaringar med som har barn på same alder (foreldreutvalgene.no/fug/).
“Vi må bry oss, ikkje berre om eigne barn, men òg om dei andre barna på avdelinga eller i klassen. Ein positiv foreldrekultur og ei foreldrenettverksgruppe er ein god og viktig måte å bry seg på”
Kva er eit foreldrenettverk?
Her får du informasjon om kva eit foreldrenettverk er. Kvifor meiner politiet det er nyttig og kva erfaringar har foreldre med å organisere og delta på nettverksmøte.

foreldrenettverk
Foreldrenettverk legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med barna i barnehagen. Foreldrenettverk handlar om at foreldre på ei avdeling i barnehagen blir kjent med kvarandre gjennom sosiale møtepunkt. Eit godt foreldrenettverk blir m.a. anbefalt av politiet for å førebygge mobbing og psykososiale vanskar. Foreldre er barna sine viktigaste støttespelarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å ha nokon å dele erfaringar med som har barn på same alder (foreldreutvalgene.no/fug/).
Foreldrenettverk bidreg til:
auka trivsel for både barn og foreldre
å skape tilknyting og engasjement for barnehagen
vennskap og inkludering
å utvikle felles normer og regler i foreldregruppa
at foreldre får kjennskap til kva som rører seg i miljøet til barna
at det vert enklare å ta kontakt med andre foreldre om ting dei bør vite om, eller når noko har skjedd
-
Det er foreldra sjølv som har ansvar for å halde nettverket. Nokon må ta initiativ, for å kome igang er det naturleg at foreldrerepresentantane tek ansvar
Slutten av første foreldremøte på hausten er eit fint tidspunkt å ha første treff
Foreldrerepresentantane kan leie/vere ordstyrar på første møte, men dette kan gruppa rullere på
På første møte er det lurt å avtale tidspunkt for neste treff og korleis de kan nå ut til alle med informasjon
Finn eit passande lokale, barnehagen kan stille med lokale, men det er og fint å møtast andre stader som til dømes på ein ungdomsklubb, kafe, bibliotek, heime mm.
Finn passande tidspunkt for møte, til dømes i forlenging av eit foreldremøte, ein avslutning eller arrangement foreldra uansett skal møte på
Send innkalling til møte og fordel gjerne oppgåver til andre foreldre som til dømes å ta med kaffi, te mm
-
To foreldre har ansvar for å invitere og å vere ordstyrar. Etter kvart møte er det lurt å velje ordstyrar for neste møte
Ordstyrar skal sørge for at alle får moglegheit til å snakke etter tur. Ordstyrar skal ikkje ha ansvar for å svare eller løyse problem/utfordringar- det er heile gruppa sitt ansvar
1,5 time er ei fin møtelengde
Å starte med ein aktivitet kan vere fint for å bli litt betre kjent og vil gjere det litt enklare å snakke saman etterpå
Sitt i sirkel slik at alle kan sjå kvarandre, open sirkel eller rundt eit bord. Er de mange, del i i to eller i mindre grupper med kvar sin ordstyrar. Fint å ta ein plenumsrunde på slutten
Følg reglar for god folkeskikk, det skal ikkje snakkast om barn som ikkje har foreldre til stades
I møte kan de diskutere tema som er relevante for foreldra, foreldra kan kome med ynskjer og/ eller de kan sjå på tips til tema under
Er det spesielle situasjonar i gruppa/klassen som barnehage/skule har meldt inn i forkant av møte eller at det kjem opp saker i møte som er viktig at barnehagen/skulen veit om, er det viktig å gi tilbakemelding til barnehagen/skulen om situasjonen for å ivareta eit godt samarbeid mellom foreldregruppa og barnehagen/skulen. Dette er viktig for å kunne jobbe saman for eit godt og trygt miljø blant barn og unge
Det er opp til kvar einskilt gruppe å avtale kor mange treff dei skal ha, to treff kvart halvår er eit godt utgangspunkt.
-
Vennskap og inkludering
Fritidsaktivitetar - kvile - fri leik
Kvardagsrutiner
Skjerm
Grensesetting
Inkludering og godt felleskap i gruppa
Korleis kan eg som forelder bidra til at alle blir inkludert?
Korleis kan de foreldre bidra til eit godt fellesskap på avdelinga slik at alle barn har det godt og trygt saman?
Har de forslag til aktivitetar de kan gjennomføre med avdelinga?
Korleis kan de sikre at alle ungane og foreldre kan vere med på aktivitetane?
Korleis kan de foreldre bidra til at det blir lettare å ta kontakt med kvarandre når de er bekymra for nokon, at nokon vert utestengde eller mobba?
Er det greitt, og på kva måte tykkjer de at foreldre kan lufte bekymringar/gi tilbakemeldingar til andre foreldre om at noko har skjedd?
Mitt barn- våre barn
Felles ansvar
Når vi ser andre barn gjere noko galt - bry seg.
Når vi ser andre barn har det vanskeleg - bry seg
Skjerm
Søvn
Språkbruk
Felles køyrereglar
Skal foreldregruppa ha nokon felles køyrereglar?
-
I møte kan det oppstå situasjonar som er utfordrande, til dømes:
Taushet eller gråt? Kva om nokon fortel om mobbing, depresjon eller vald i heimen? Bra det kjem opp. Problemet er der uansett, kjem det fram har vi i hvertfall mogelgheita til å gjere noko.
Få som kjem? Nyttig likavel. 50% oppmøte: glaset er halvfullt. Det gjeld å halde ut og ikkje gje opp.
mal for samtalar
Meir innhald kjem