foreldresamarbeid
Føresette er ein uvurderleg ressurs i barna sine liv. Deira involvering, støtte og engasjement har stor verdi for utvikling , motivasjon og trivsel i skulen. Føresette kjenner barna sine best og kan bidra med verdifull innsikt og informasjon som kan hjelpe lærarar med å gi barna ein best mogleg skulekvardag.
Under finn du tips til korleis organisere foreldremøte, forslag til tema på foreldremøte, om foreldrenettverk og malar til bruk i samtalar.
plan for samarbeid

Foreldremøte
Foreldremøta er ein viktig del av samarbeidet mellom skulen og heimen, og har fleire formål:
Foreldra får informasjon frå skulen, om til dømes innhaldet i skulekvardagen, trivsel, kva tema elevane arbeider med i perioden, retningslinjer, system og utfordringar i gruppa
Foreldremøta er ein viktig arena for å skapa dialog mellom skulen og foreldra og å leggja til rette for felles språk for å forstå barna og ungdomane. Korleis kan foreldra påverka skulekvardagen?
Foreldremøta er ein viktig arena for å byggja foreldrefellesskap, der foreldra kan verta kjent med kvarandre, knyta band og utveksla erfaringar
Tema på foreldremøte for 8. trinn
trygg og god Skulestart
Vennskap/bygge laget
trygg på Nett/delbart
Tema på foreldremøte for 9. trinn
ungdomsmiljø
vennskap/ bygge laget
å vere god nok
Tema på foreldremøte for 10. trinn
vennskap/bygge laget
Eigne, gode val
du er viktig framleis
Foreldrenettverk
I løpet av oppveksten skal ungane ta mange val, både små og store, som får konsekvensar for resten av livet. Å vekse opp i dag gir andre og betydeleg fleire utfordringar enn kva foreldregenerasjon møtte i oppveksten sin. Aldri har vi hatt fleire valmoglegheiter og høgare press. Barn og unge treng trygge vaksne som kan gjere nokon av vala litt enklare. Frykta for å bli ståande aleine er ei årsak til at nokon ungdommar tek uheldige val i oppveksten.
Foreldrenettverk handlar om at foreldre i ein skuleklasse blir kjent med kvarandre gjennom sosiale møtepunkt. Foreldre er barna sine viktigaste støttespelarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å ha nokon å dele erfaringar med som har barn på same alder (foreldreutvalgene.no/fug/).
“Vi må bry oss, ikkje berre om eigne barn, men òg om dei andre barna på avdelinga eller i klassen. Ein positiv foreldrekultur og ei foreldrenettverksgruppe er ein god og viktig måte å bry seg på”
Kva er eit foreldrenettverk?
Her får du informasjon om kva eit foreldrenettverk er. Kvifor meiner politiet det er nyttig og kva erfaringar har foreldre med å organisere og delta på nettverksmøte.

Kvifor foreldrenettverk?
Foreldrenettverk legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med barna i barnehagen eller i klassen. Eit godt foreldrenettverk blir m.a. anbefalt av politiet for å førebygge mobbing og psykososiale vanskar.
Dette bidreg til:
auka trivsel for både barn, elevar og foreldre
å skape tilknyting og engasjement for barnehagen, klassen og skulen
vennskap og inkludering
å utvikle felles normer og regler i foreldregruppa
at foreldre får kjennskap til kva som rører seg i miljøet til barna
at det vert enklare å ta kontakt med andre foreldre om ting dei bør vite om, eller når noko har skjedd
-
Det er foreldra sjølv som har ansvar for å halde nettverket. Nokon må ta initiativ, for å kome igang er det naturleg at foreldrerepresentantane tek ansvar
Slutten av første foreldremøte på hausten er eit fint tidspunkt å ha første treff
Foreldrerepresentantane kan leie/vere ordstyrar på første møte, men dette kan gruppa rullere på
På første møte er det lurt å avtale tidspunkt for neste treff og korleis de kan nå ut til alle med informasjon
Finn eit passande lokale, barnehagen eller skulen kan stille med lokale, men det er og fint å møtast andre stader som til dømes på ein ungdomsklubb, kafe, bibliotek, heime mm.
Finn passande tidspunkt for møte, til dømes i forlenging av eit foreldremøte, ein skuleavslutning eller arrangement foreldra uansett skal møte på
Send innkalling til møte og fordel gjerne oppgåver til andre foreldre som til dømes å ta med kaffi, te mm
-
To foreldre har ansvar for å invitere og å vere ordstyrar. Etter kvart møte er det lurt å velje ordstyrar for neste møte
Ordstyrar skal sørge for at alle får moglegheit til å snakke etter tur. Ordstyrar skal ikkje ha ansvar for å svare eller løyse problem/utfordringar- det er heile gruppa sitt ansvar
1,5 time er ei fin møtelengde
Å starte med ein aktivitet kan vere fint for å bli litt betre kjent og vil gjere det litt enklare å snakke saman etterpå
Sitt i sirkel slik at alle kan sjå kvarandre, open sirkel eller rundt eit bord. Er de mange, del i i to eller i mindre grupper med kvar sin ordstyrar. Fint å ta ein plenumsrunde på slutten
Følg reglar for god folkeskikk, det skal ikkje snakkast om barn som ikkje har foreldre til stades
I møte kan de diskutere tema som er relevante for foreldra, foreldra kan kome med ynskjer og/ eller de kan sjå på tips til tema under
Er det spesielle situasjonar i gruppa/klassen som barnehage/skule har meldt inn i forkant av møte eller at det kjem opp saker i møte som er viktig at barnehagen/skulen veit om, er det viktig å gi tilbakemelding til barnehagen/skulen om situasjonen for å ivareta eit godt samarbeid mellom foreldregruppa og barnehagen/skulen. Dette er viktig for å kunne jobbe saman for eit godt og trygt miljø blant barn og unge
Det er opp til kvar einskilt gruppe å avtale kor mange treff dei skal ha, to treff kvart halvår er eit godt utgangspunkt.
-
Utetider
Kor lenge er det greit at barn på deira alder er ute om kvelden?
Kva er rutinene for å seie ifrå kvar dei er og kva dei gjer?
Mobbing
Føregår det mobbing på eller utafor skulen som foreldra bør snakke om heime?
Skjerm
Kor mykje skjermtid er ok? Kor mykje tid brukar ungane på skjerm?
Kva er greit å sjå på for ungdom i deira alder? Kva ser dei på?
Aldersgrense?
Sosiale media
Det er viktig at foreldre følger nøye med på kva ungane gjer i sosiale media, kven dei følger, kva dei legg ut og kven dei chatter med og om kva. Mykje av mobbinga som skjer i dag skjer i sosiale media, det er vanskelegare å oppdage, derfor er det viktig å halde eit ekstra auge med dette.
Kva plattform er ungane på?
Har klassa felles gruppe? Er alle med?
Oppgåver i heimen
Kva oppgåver bør ungane ha heime? Har ungane oppgåver?
Får dei vekepeng? Det kan vere fint for ungdommar å vite at venner og klassekameratar har plikter heime
Seksualitet
Tore å seie nei- grensesetting
Snakke med ungdommen om sex
Konflikthandtering
Kva er god konflikthandtering for barnet ditt? Det er sjølvsagt individuelt, men kan vere fint å drøfte med nokon som kanskje har vore i same situasjon
Skal foreldregruppa ha nokon felles køyrereglar?
-
Inkludering og godt felleskap i gruppa
Korleis kan eg som forelder bidra til at alle blir inkludert?
Korleis kan de foreldre bidra til eit godt fellesskap på avd/i klassa slik at alle barn har det godt og trygt saman?
Har de forslag til aktivitetar de kan gjennomføre med avd./klassa?
Korleis kan de sikre at alle ungane og foreldre kan vere med på aktivitetane?
Korleis kan de foreldre bidra til at det blir lettare å ta kontakt med kvarandre når de er bekymra for nokon, at nokon vert utestengde eller mobba?
Er det greitt, og på kva måte tykkjer de at foreldre kan lufte bekymringar/gi tilbakemeldingar til andre foreldre om at noko har skjedd?
Mitt barn- våre barn
Felles ansvar
Når vi ser andre barn gjere noko galt - bry seg.
Når vi ser andre barn har det vanskeleg - bry seg
Skjerm
Mobil
Sosiale media
Aldersgrense
Kva ser ungane på?
Søvn
Legge frå seg mobilen i eit "fellesrom" på eit tidspunkt på kvelden
Språkbruk
Felles køyrereglar
Skal foreldregruppa ha nokon felles køyrereglar?
Sjå utkast til avtale under
-
Her finn de forslag til avtale foreldregruppa kan støtte seg til.
Avtalen er nyttig å bruke i samtale med barna og fungerer som ein felles rettesnor når du skal sette grense for barna. Det er enklare å sette grense når fleire er einige om det
Avtalen er ein fin måte å vise ungane kva foreldregruppa har blitt einige om
Tilpass avtalen etter kva som er aktuelt og rører seg i miljøet til barna. Nokon punkt (6-9) er anbefalt at alle har
-
I møte kan det oppstå situasjonar som er utfordrande, til dømes:
Taushet eller gråt? Kva om nokon fortel om mobbing, depresjon eller vald i heimen? Bra det kjem opp. Problemet er der uansett, kjem det fram har vi i hvertfall mogelgheita til å gjere noko.
Få som kjem? Nyttig likavel. 50% oppmøte: glaset er halvfullt. Det gjeld å halde ut og ikkje gje opp.
mal for samtalar
Meir innhald kjem