Barneskule

Livet på barneskulen er ei unik tid fylt med opplevingar, vennskap og læring. I denne fasen av livet er leik ein sentral del av ungane si utvikling og det er viktig å prioritere leik som ein del av skulekvardagen. Gjennom leik får dei utfalda seg fritt, vere kreative og lære å samhandle med andre. Gode relasjonar er og avgjerande for trivsel og læring på barneskulen.

Ved å oppmuntre til vennskap og empati og lære elevane å inkludere andre kan skulen bidra til eit inkluderande miljø der alle føler seg sett og verdsett. Dette vil hjelpe elevane til å utvikle sosiale ferdigheter som vi vere verdifulle resten av livet. Å synleggjere betydninga av relasjonar er ein viktig del av å førebygge mobbing og å skape eit positivt og styrkande skulemiljø.

Ei svensk doktorgradavhandling konkluderer med at skulen bør vere meir oppteken av det relasjonelle og jobbe for at alle elevane inngår i ekte vennskapsrelasjonar.  Lærarar og tilsette på skulen spelar ei viktig rolle i å legge til rette for dette ved å vere gode rollemodellar og å oppmuntre til inkludering og respekt for kvarandre.

Her finn du informasjon om kva ansvar og oppgåver skulehelsetenesta har, skulestart, foreldresamarbeid og forslag til korleis bygge eit godt lag med elevane.

verktøy for å styrke barn og unge si psykiske helse

Meir innhald kjem…

glede andre

takknemleg

vere saman med andre