Barnehage

Å starte i barnehagen er ei stor endring for både barn og foreldre. Dei aller fleste barn i Noreg startar i barnehagen etter å ha tilbragt dei første månadane av livet heime med foreldra. Frå å ha full merksemd retta berre mot seg, skal dei møte ein verd der dei må dele leiker, merksemd og trøst med fleire andre barn. I løpet av dagane med tilvenning er målet at barnet skal bli så trygg på dei vaksne i barnehagen at ho/han søker dei for trøst og nærleik, og ikkje berre foreldra. Når barnet sjølv søker den tilsette i barnehagen for trøst eller ei fang å sitte på, er det eit tydeleg teikn på tillit. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legge til rette for a barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen (Bufdir). På denne sida finn du informasjon om kva ansvar og oppgåver helsestasjon har, om barnehagestart, foreldresamarbeid og årshjul med m.a. “Hjartesamling”.

hjartesamling

  • Småbarn

  • Storbarn

  • Generelt om hjertesamling