Kven står bak prosjektet?

Livsmeistring- robuste barn og unge er eit samarbeidsprosjekt for Luster- og Sogndal kommune. Det er ein del av Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunane. Under finn du informasjon om kven som er med og har vore med i prosjektet og utviklinga av innhald til nettstaden.

Styringsgruppe

Fagpersonar som er, eller har vore, med i arbeidet

Ressursgruppe ungdom

  • Idunn Auestad

  • Ariana Fjærestad

  • Liv Anna Skaar Litsheim

  • Oda Bertine Bondevik Lie

  • Ole Sebastian Nesvoll Wangsvik

  • Torstein Lysgård

  • Sidney Isaac Otieno

  • Frida Finden Bugge

  • Kine Hauge

  • Anders Tuxen

  • Ida Øyre Osuch

  • Jonas Aasen Engebø

  • Sunniva Skjeldestad

  • Sephora Kapia

  • Alexander Sognnes Heltne

Kven lagar undervisningsmateriellet?

Livsmeistring- robuste barn og unge har ein prosjektleiar i 100 % stilling og i tillegg ressursar til frikjøp av ulike fagpersonar som bidreg i utviklinga av dei ulike tiltaka. 

Marte Kvisterø Krogstadmo er prosjektleiar. Ho har ansvar for framdrift og koordinering av arbeidet og utviklar innhald til dei ulike tiltaka i samarbeid med fagpersonar i kommunane. Krogstadmo er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning.

Vilde Nordlid er prosjektmedarbeidar. Ho har hovudansvar for medverknad av barn og unge og føl opp ressursgruppa. Nordlid er utdanna sosionom.

Helga Sie er prosjektmedarbeidar og jobbar også med ungdomsklubb og RocketMan-prosjektet. Ho er utdanna lektor og har erfaring frå læraryrket i ungdomsskule.

Ragnhild Mølnvik er prosjektmedarbeidar og er utdanna grunnskulelærar. Ho har fleire år med erfaring frå 1.-10. trinn i skulen, frå barnehage og har også videreutdanning i spes.ped.

Lotte Malterud er prosjektmederbeidar og utdanna lektor innan idrett og friluftsliv. Ho har fleire år med erfaring som høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, samt frå barnehage og innan psykisk helsevern.

I forkant av utviklinga av tiltaka har prosjektet saman med tilsette i dei ulike tenestene for barn og unge kartlagt no- situasjonen i barnehagane og skulane for å finne ut kva som er behovet for tiltak, og korleis dette må utformast for å fungere best mogleg i barnehage- og skulekvardagen. Vi har involvert breitt og Vestlandsforsking har analysert datamaterialet for oss. Rapporten frå Vestlandsforsking danna dermed eit godt grunnlag for tiltaksutvikling.

 Forskings- og utviklingsmiljø

  • Høgskulen på Vestlandet bistår utviklingsarbeidet med m.a. kunnskapsbaserte tiltak, medverknad av barn og unge, rekruttering av bachelor- og masterstudentar og doktorgradsstipendiat samt evaluering.

  • Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS Bergen) gir oss rettleiing i utarbeiding av undervisningsmateriell for tema rus og bistår med oppfølging av Ungdata – resultat og analysering av datamateriale. 

  •  Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) bistår med rettleiing i kartlegging, medverknad, tiltaksutvikling og implementering.

  •  NOK Sogn og Fjordane gir rettleiing i utarbeiding av undervisningsmateriell for tema kropp, grense og seksualitet for 1.-10.trinn og i arbeidet med årshjul for same tema i barnehagane.

  •  Vestlandsforsking har analysert datamaterialet for oss og samla resultata og anbefalingar for vegen vidare i ein rapport.