skulestart barneskule
Det er oppstart av nytt skuleår og for mange barn kan overgangen frå ferie til skulestart vere tøff, spesielt for barna som skal ha sin aller første skuledag på ny skule. Under finn du informasjon om overgangen frå barnehage til skule og om fadderordning.
Det å vere trygg på skulen er avgjerande for å utvikle seg og å lære. Først må ein vere trygg, så kan ein lære.
I generell del av læreplanen står det «Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane.»
Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 12-2 retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring».
En svensk doktoravhandling konkluderer med at skulen bør vere meir oppteken av det relasjonelle og jobbe for at barn inngår ekte vennskapsrelasjonar.

overgang barnehage - barneskule
fadderordning
Forslag til aktivitetar:
-
-
…
-
…