5. trinn

Tema: kropp

Meir info kjem…

  • Etter 7. trinn

    Samfunnsfag

    • reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet, og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne

    • gje døme på kva lover, reglar og normer er, og kva funksjon dei har i samfunnet, og reflektere over konsekvensar av å bryta desse

    Naturfag

    • gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet

    KRLE

    • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags[1]og samfunnsutfordringar

    Norsk:

    • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar

    • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
Snakk med barn om retten til å sette grenser og om seksuelle overgrep
— reddbarna.no/Bli med, sei#EgErHer!
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

  • Nok. Sogn og Fjordane har føljande råd til førebuing: ​

    I tema kropp oppmodar vi dei tilsette om å øve seg på korleis ein snakkar med barna om kropp og kroppsdelar. Snakk med ein kollega, bruk orda. Grunnen til dette er at vaksne ofte kan synast det er vanskeleg å snakke med barn om dette tema. Vi ynskjer at barn skal få ei oppleving om at dette er noko som er naturleg som ein snakkar om. Då er det viktig at den tilsette følar seg trygg, er tydeleg og naturleg i samtale med elevane.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

  • Timen handlar om seksuelle overgrep. Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg for elevane under og i etterkant av timen. Det er lurt å vere to vaksne slik at de får med dykk ev. reaksjonar frå elevane. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her (viss ho ikkje er med i timen). Tenk gjennom eigne reaksjonar og plan for oppfølging viss noko dukkar opp undervegs eller i etterkant av timen. Unngå å ha økta på ein fredag.

    Førebuing: RVTS Vest- Trygg til handling

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

  • Treng du meir innhald, kan du fint bruke undervisningsøkter frå dei andre trinna.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

4. trinn

Neste
Neste

6. trinn