7. trinn
Tema: kropp
Meir info kjem…
-
Etter 7. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
Gjennom video, refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar», knytt til Folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan. Eit spesifikt mål for temaet om kropp og sjølvkjensle er at elevane skal bli meir bevisst på samanhengane mellom kropp, følelsar og erfaringar, og korleis ein kan akseptere og handtere endringar i pubertet/utvikling.
Samfunnsfag
reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet, og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne
gi døme på kva lovar, reglar og normer er, og kva funksjon dei har i samfunnet, og reflektera over konsekvensar av å bryta dei
reflektere over korleis ein sjølv og andre tek del i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
Naturfag
gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet
KRLE
utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags[1]og samfunnsutfordringar
Norsk
lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
-
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
Nok. Sogn og Fjordane har føljande råd til førebuing: I tema kropp oppmodar vi dei tilsette om å øve seg på korleis ein snakkar med barna om kropp og kroppsdelar. Snakk med ein kollega, bruk orda. Grunnen til dette er at vaksne ofte kan synast det er vanskeleg å snakke med barn om dette tema. Vi ynskjer at barn skal få ei oppleving om at dette er noko som er naturleg som ein snakkar om. Då er det viktig at den tilsette følar seg trygg, er tydeleg og naturleg i samtale med elevane.
-
Timen handlar om seksuelle overgrep. Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg for elevane under og i etterkant av timen. Det er lurt å vere to vaksne slik at de får med dykk ev. reaksjonar frå elevane. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her (viss ho ikkje er med i timen). Tenk gjennom eigne reaksjonar og plan for oppfølging viss noko dukkar opp undervegs eller i etterkant av timen. Unngå å ha økta på ein fredag.
Last ned undervisningsøkta her
Førebuing: RVTS Vest- Trygg til handling
Vedlegg: Spørsmål til filmen om Noah
-
-