9. trinn
Tema: kropp
Meir info kjem…
-
Etter 10. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
Gjennom video, refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar», knytt til Folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan.
Samfunnsfag
vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår.
reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar.
Reflektere over kva for aktørar som har makt i samfunnet i dag, og korleis desse grunngir standpunkta sine
Utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
Kroppsøving
reflektere over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete.
Norsk
utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge
Naturfag
Gi døme på dagsaktuell forsking og drøfte korleis ny kunnskap blir generert gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterande kunnskap
-
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 9. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 9. klasse det eine året til 9. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.