7. trinn
Tema: Nettvett
Tema nettvett skal bidra til at elevane skal kome med forslag til korleis dei kan vere ein god venn, inkludere og vise respekt for kvarandre på nettet. Ved å lytte til elevane får vi eit innblikk i kva dei faktisk gjer på nettet, korleis dei opplev nettkontakt med medelevar og kva dei sjølv meiner skal til for å ha eit godt klassemiljø, enten i klasserommet, på fritidsaktivitetar eller på nettet.
Å lære elevar nettvett er viktig i arbeidet med å gje dei eit godt og trygt klassemiljø. .
-
Etter 7. trinn
Samfunnsfag
Samanlikne korleis ulike kjelder kan gje ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn.
Reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar.
Reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft, sett i lys av reglar, normer og grenser.
Reflektere over variasjonar i identitet, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne.
KRLE
Utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar.
Norsk
Orientere seg i faglege kjelder på bibliotek og digitalt, vurdere kor pålitelege kjeldene er, og vise til kjelder i eigne tekstar.
Lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar.
Reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium.
Beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål.
-
Det viktigaste i førebyggande arbeid er at det føregår systematisk og over tid. Jamlege små drypp om nettvett og det å treffe gode val på nett vil bidra til auka refleksjon og læring hjå elevane. Arbeid over tid kan bidra til å styrke klassemiljøet og til å førebygge krenkingar og uheldige eller uønska opplevingar på nett. Det er viktig å skape ein trygghet for at elevane kan seie ifrå viss krenkingar eller uheldige eller uønska opplevingar likevel førekjem.
I følgje Medietilsynet (Barn og Medier, 2022) har
48 % av barn i alderen 1-5 år tilgang til nettbrett, 14 % til spillkonsoll og 5 % tilgang til PC.
Av barn med tilgang til nettbrett, byrja dei fleste (72 %) å bruke dette før dei fylte 3 år.
93 % av alle barn mellom 9 og 11 år har eigen mobil
Halvparten av 9-åringane og 56 % av 10-åringane er på sosiale medier
50 % av barn i alderen 13-19 år har sett skremmande eller valdelege bilete/filmar, som til dømes menneske som skadar andre menneske eller dyr, på nettet.
Kripos seier at mange barn og unge blir lurt på internett av vaksne som er seksuelt tiltrekt av barn. Dei vaksne tek i bruk chat, apper og spel. Ei av anbefalingane til Kripos er at det er viktig at barn og vaksne er opne og snakkar saman om god og trygg internettbruk.
Unge som har kontakta politiet, fortel at dei ikkje har sagt i frå til nokon om det ubehagelege dei har opplevd på internett. Dei trur ai dei vaksne ikkje vil forstå situasjonen og vil nekte dei å bruke internett.
Språkbruken mellom elevar og hjå dei vaksne påverkar skulemiljøet, både når det gjeld til trivsel, meistring og læring.
I Redd Barna-rapporten «Ikke bare si at det kommer til å ordne seg», var elevane tydelege på at negative kommentarar og stygt språkbruk både frå barn og vaksne rundt dem påverka klassemiljøet i stor grad.
Førebyggande arbeid mot stygt språkbruk i elevgruppa må vere ein del av det systematiske og førebyggande arbeidet med å skape trygge og inkluderande klassemiljø, og ikkje vere kampanjestyrt gjennom einskilde tiltak med kort varighet.
Elevane sitt språkbruk vert i stor grad påverka av medelevar på skulen, men og i svært stor grad av dei vaksne rundt dei både på skulen og i heimen, og av kva dei ser og høyrer på sosiale media, spel og skjerm.
Dette startar tidleg, og det må derfor jobbast med språkbruken i barneskulen, og ein bør byrje tidleg.
“Det blir tryggere når læreren ser at hver elev gjør så godt den kan.”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
-
-
-
Kvar går grensa er eit undervisningsopplegg utarbeidd av politiet. Det handlar om nettmobbing og nettvett. Målet er å gi elevane ei forståing av grensesetting, både når det gjeld mobbing og kva som bryt lova, og å gi råd om korleis dei kan ferdast tryggare på nett.
-
Interaktiv undervisningsopplegg: Bruk Hue!