5. trinn
Tema: økonomi og levevanar
Tema økonomi og levevanar skal bidra til å ruste elevane for framtida. Kunnskap om levevanar er viktig for å fremje velvære og sunne livsstilar blant barn og unge. Ved å lære grunnleggjande økonomiske prinsipp, som budsjettlegging, sparing og skilnaden mellom behov og ønskje, kan elevane bygge ei solid økonomisk forståing som vil vera til nytte gjennom heile livet deira.
-
Etter 7. trinn:
Naturfag
Gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet
Gjere greie for nokre av kroppen sine organsystem, og beskriva korleis systema verkar saman
Reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma
Samfunnsfag
Reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
Utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
Kroppsøving
Forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i rørsleaktivitetar som kan vere tilpassa, ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
Øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
KRLE
Utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags- og samfunnsutfordringar
Mat og helse
Vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
Matematikk
Lage oppgåver i rekneark som omhandlar personleg økonomi (5. trinn)
-
Mei info kjem..
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.