7. trinn
Tema: økonomi og levevanar
Tema økonomi og levevanar skal bidra til å ruste elevane for framtida. Kunnskap om levevanar er viktig for å fremje velvære og sunne livsstilar blant barn og unge. Ved å lære grunnleggjande økonomiske prinsipp, som budsjettlegging, sparing og skilnaden mellom behov og ønskje, kan elevane bygge ei solid økonomisk forståing som vil vera til nytte gjennom heile livet deira.
-
Etter 7. trinn:
Naturfag
Gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette påverkar kjensler, handlingar og seksualitet
Gjere greie for nokre av kroppen sine organsystem, og beskriva korleis systema verkar saman
Samfunnsfag
Reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
Kroppsøving
Forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i rørsleaktivitetar som kan vere tilpassa, ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i
dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
Øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
KRLE
Utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags- og samfunnsutfordringar
Mat og helse
Vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
-
Mei info kjem..
“Først når du innser at du har nok, er du virkelig rik”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.