5. trinn
Tema: relasjonar
Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).
-
Etter 5. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar», knytt til Folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan, samt «Dei skal øve opp evna til å tenkje kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje» knytt til Demokrati og medborgarskap
Norsk
lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
Samfunnsfag
reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
KRLE
utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags- og samfunnsutfordringar
-
“Det er relasjoner som er grunnen til at vi er her. Det er det livene våre handler om”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
For tema relasjonar er det tre økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
For tema relasjonar er det tre økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
-
Timen kan vere tøff for elevar som har det vanskeleg heime. Derfor er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades. Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her og førebu elevar som de veit har det vanskeleg.
-
Kjem hausten 2025