10. trinn

Tema: Rus

Meir info kjem..

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
...
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 10. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 10. klasse det eine året til 10. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

  • 1. Kva gjer de viss de vert skremd?

    Mål:

    Utstyr: Teikneark og fargeblyantar.

    Inspirasjon er henta frå Livet & Sånn

    1. Sitt saman i ein ring, sjå på bilete og snakk saman i klassa.

    2. Sjå på bilete 1. På bilete ser me ein gut som hentar hjelp fordi noko har skremt han. Dette må me gjere også når noko er skremmande av det me ser på skjermen.

    3. Kva kan me gjere når me opplever noko som er skummelt eller dumt på skjermen?

    (Næraste vaksne er fint, men få og fram at dei og kan snakke om det på skulen, eller med helsesjukepleiar. Nokon gonger bør den vaksne og snakke med politiet om det som har skjedd, slik at dei kan hjelpe).

    • Sjå på bilete 2. Denne jenta har sett noko på skjermen som gjer at ho ikkje har det bra. Kva følelsar trur de at ho har no? (Redd, trist, skamme seg, uroleg…)

    • Kva kan ha skjedd som gjer at ho kjenner seg slik?

    • Har nokon av dykk sett noko på skjermen som har vore skremmande?

    • Sjå p bilete 3. Kvifor er barnet lei seg her?

    • Kva kan gi vonde følelsar på nett/ bruk av skjerm?

    2. Lag ein teikning

    Teikn kva dei kan gjere når dei ser noko som er skremmande på skjermen.

    3. Leik: Finn saman

    Alle elevane bevegar rundt i klasserommet. På signal skal dei finne ein partnar. Så får dei beskjed om å halde ulike kroppsdelar mot kvarandre som til dømes: Rygg mot rygg, kne mot kne, peikefinger mot peikefinger. På nytt signal bevegar elevane seg igjen. Når signalet vert gitt for tredje gong finn elevane ein ny partnar og får deretter nye oppgåver, som til dømes fot mot fot, tommel mot tommel og rumpe mot rumpe.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

9. trinn