2. Trinn

Tema: Takknemleg

I tema takknemleg skal elevane øve seg på å legge merke til det som er bra i livet og å sette pris på det. Elevane skal reflektere over kva som er fint både med seg sjøl, menneska rundt, opplevingar i kvardagen og med naturen. Kva betyr det å vere takknemleg, korleis kan dei vise takknemlegheit og korleis kjennes det å vere takknemleg for noko er døme på spørsmål i undervisninga.

  • Etter 2.trinn

    Norsk

    • uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar

    • samtale om og beskrive korleis orda vi bruker, kan påverke andre

    Samfunnsfag

    • reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val

    • samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar

    Kroppsøving

    • utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre

    Engelsk

    • lytte til og utforske det engelske alfabetet og uttalemønster i leik- og songaktivitetar

    Mål for undervisninga knytt til overordna del

    Gjennom praktiske øvingar, og ved å reflektere både åleine og i samtale med andre over kva ein er takknemleg for, vil undervisninga bidra til å sette ord på og bevisstgjere «Verdival og betydning av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet»

  • Å praktisere takknemlegheit er ein effektiv måte å styrke psykisk og fysisk helse på. Å gå aktivt inn for å være glad for kva ein har i livet, har nemleg ein veldokumentert helsefremjande effekt. Ikkje berre får vi håp og blir meir tilfredse og optimistiske, det bidreg også til å redusere depresjon, angst, misunning og stress. Vi blir meir tilfredse og optimistiske. Menneske som praktiserer takknemlegheit, søv også betre. Forsking viser til og med at takknemlegheit kan lindra fysisk smerte, senka blodtrykket og styrka immunforsvaret.

    Kjelde: https://psykologisk.no/2023/03/fordelene-med-a-trene-pa-takknemlighet/

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad
— Mikael Aksnes
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 2. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 2. klasse det eine året til 2. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

1. trinn

Neste
Neste

3. Trinn