9. trinn
Tema: Takknemleg
I tema takknemleg skal elevane øve seg på å legge merke til det som er bra i livet og å sette pris på det. Elevane skal reflektere over kva som er fint både med seg sjøl, menneska rundt, opplevingar i kvardagen og med naturen. Kva betyr det å vere takknemleg, korleis kan dei vise takknemlegheit og korleis kjennes det å vere takknemleg for noko er døme på spørsmål i undervisninga.
-
Etter 10.trinn
KRLE
identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytt til ulike former for kommunikasjon
Norsk
utforske og reflektere over korleis tekster framstiller livssituasjonen til unge
kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
lage samansette tekstar og grunngje val av uttrykksformer
Musikk
utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar, og reflektere over bruk av musikalske verkemiddel
utforske og reflektere over korleis musikk, song og dans som estetiske uttrykk er påverka av og uttrykk for historiske og samfunnsmessige forhold, og skape musikalske uttrykk som tek opp utfordringar i samtida
utforske og drøfte kva betydning musikken og dansen har i samfunnet, og etiske problemstillingar knytte til musikalske ytringar og musikkulturar
-
Å praktisere takknemlegheit er ein effektiv måte å styrke psykisk og fysisk helse på. Å gå aktivt inn for å være glad for kva ein har i livet, har nemleg ein veldokumentert helsefremjande effekt. Ikkje berre får vi håp og blir meir tilfredse og optimistiske, det bidreg også til å redusere depresjon, angst, misunning og stress. Vi blir meir tilfredse og optimistiske. Menneske som praktiserer takknemlegheit, søv også betre. Forsking viser til og med at takknemlegheit kan lindra fysisk smerte, senka blodtrykket og styrka immunforsvaret.
Kjelde: https://psykologisk.no/2023/03/fordelene-med-a-trene-pa-takknemlighet/
“Educating the mind without educating the heart is no education at all”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 9. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 9. klasse det eine året til 9. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
For tema takknemleg er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
For tema takknemleg er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025