1. trinn

Tema: vennskap

Vennskap er ein viktig del av elevane si sosiale, emosjonelle og kognitive utvikling. I tillegg er vennskap ei viktig kjelde til auka livskvalitet, og er med på å forme identitet og tilhøyrsle hjå barn og unge. Det er mykje læring i å utvikle eigne vennskap, men barn treng også støtte og rettleiing til dette. Det finst fleire steg av vennskap barn går igjennom, men uavhengig av alder er vennskap bra for barn si utvikling (Bufdir, 2021). Lærarar er viktige førebilete for elevane i korleis ein skal vere mot kvarandre.

Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt!

  • Etter 2.trinn

    Samfunnsfag

    • Reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val

    • Samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar

    Norsk

    • Samtale om og beskrive korleis ord vi bruker, kan påverke andre

    Engelsk

    • Bruke digitale ressursar for å oppleve språket via autentiske språkmodellar og samtalepartnarar

    Etter 4.trinn

    KRLE

    • Samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman

    • Setje seg inn i og formidle eigne og andre sine tankar, kjensler og erfaringar

  • Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt. Derfor startar vi skuleåret med eit ekstra fokus på vennskap.

    Oppstart av nytt skuleår og overgangen frå ferie til skulestart kan vere tøff, spesielt for barna som skal ha sin aller første skuledag på ny skule. Det å vere trygg og høyre til i felleskapet på skulen er avgjerande for å utvikle seg og å lære.

    I dei seinare åra har det vore ei negativ utvikling i barn og unge si oppleving av meistring og trivsel i skulen. Det er ein auke i tal elevar som oppgjev at dei vert mobba på skulen. Det er ei utfordring vi må ta tak i. Skulen er den viktigaste arena for felleskap og vennskap med jamaldringar og dermed og eit viktig område for å sikre at alle unge opplev trygge og inkluderande relasjonar med jamaldringar. Med fokus på vennskap i dei første øktene ynskjer vi å bidra til eit best mogleg psykososialt miljø i klassen og på skulen, noko som er viktig for etablering av vennskap og tilhøyrsle (Folkehelseinstituttet, 2024).

 
 
Å være venner er å møtes i et forhold hvor den enkelte opplever seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller hun er.
— Utdanningsdirektoratet
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

2. trinn