3. trinn
Tema: vennskap
Vennskap er ein viktig del av elevane si sosiale og emosjonelle utvikling. Det er mykje læring i å utvikle eigne vennskap, men barn treng også støtte og rettleiing til dette. Det finst fleire steg av vennskap barn går igjennom, men uavhengig av alder er vennskap bra for barn si utvikling (Bufdir, 2021). Lærarar er viktige førebilete for elevane i korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre.
Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt!
-
Etter 4.trinn
Norsk
Reflektere over korleis språkbruken vår påverkar andre, og korleis vi tilpassar og endrar språket i ulike situasjonar
Samfunnsfag
Samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og samarbeide med andre om å finne konstruktive løysingar
Samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
KRLE
Setje seg inn i og formidle eigne og andre sine tankar, kjensler og erfaringar
Samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman
Kroppsøving
Forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
-
Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt. Derfor startar vi skuleåret med eit ekstra fokus på vennskap.
Oppstart av nytt skuleår og overgangen frå ferie til skulestart kan vere tøff, spesielt for barna som skal ha sin aller første skuledag på ny skule. Det å vere trygg og høyre til i felleskapet på skulen er avgjerande for å utvikle seg og å lære.
I dei seinare åra har det vore ei negativ utvikling i barn og unge si oppleving av meistring og trivsel i skulen. Det er ein auke i tal elevar som oppgjev at dei vert mobba på skulen. Det er ei utfordring vi må ta tak i. Skulen er den viktigaste arena for felleskap og vennskap med jamaldringar og dermed og eit viktig område for å sikre at alle unge opplev trygge og inkluderande relasjonar med jamaldringar. Med fokus på vennskap i dei første øktene ynskjer vi å bidra til eit best mogleg psykososialt miljø i klassen og på skulen, noko som er viktig for etablering av vennskap og tilhøyrsle (Folkehelseinstituttet, 2024).
“Å være venner er å møtes i et forhold hvor den enkelte opplever seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller hun er.”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 3. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 3. klasse det eine året til 3. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
-
-
-
-
-
-
Høyr songen fleire gonger: “Du kan være den”
Tips til fleire songar om vennskap: Spireserien
Tips til serie på NRK Super som handlar om vennskap:
Være venner: Ein svensk dramaserie som handlar om ulike kvardagsproblem som elevane kan kjenne seg att i.
Min venn Marlon: Tre 8 år gamle gutar med tema: Utfordringar med å få vennskap til å fungere, posisjonering, respekt og integritet
Markering av bursdagar. Å feire kvar einskild elev (og vaksen) som har bursdag gjennom året (hugs på dei som har bursdag i feriar) kan gjerast på mange ulike måtar. Her er nokon forslag:
Bursdagssong (eleven står på pulten/klassen står/eleven står framme i kl. rom/ bursdagsbarn står i midten – klassen står rundt i ein ring)
Flagg på pulten
Teikne ei krone på tavla som ein pyntar med namn og år
Bursdagsbarnet får velje noko den dagen (song, aktivitet, ha ei ekstra oppgåve)
Pynte stolen til eleven med band eller ballongar
Hengje opp ein plakat med namnet/bilete av den som har bursdag
Lag bursdagkort/diplom. Kva elev skriv ei hyggeleg helsing/teikning på kortet. Laminer kortet og gi til barnet. Forslag til digital “bursdagsdiplom”
Å reparere relasjonar treng ein tid til å jobbe med, ta opp tema igjen og snakk med klassen i tida framover