5. trinn

Tema: vennskap

Vennskap er ein viktig del av elevane si sosiale og emosjonelle utvikling. Det er mykje læring i å utvikle eigne vennskap, men barn treng også støtte og rettleiing til dette. Det finst fleire steg av vennskap barn går igjennom, men uavhengig av alder er vennskap bra for barn si utvikling (Bufdir, 2021). Lærarar er viktige førebilete for elevane i korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre.

Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt!

  • Etter 7. trinn

    Norsk

    • Lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar

    • Utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet

    KRLE

    • Utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags- og samfunnsutfordringar

    Samfunnsfag

    • Reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar

    Kroppsøving

    • Utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar

    • Forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine

  • Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt. Derfor startar vi skuleåret med eit ekstra fokus på vennskap.

    Oppstart av nytt skuleår og overgangen frå ferie til skulestart kan vere tøff, spesielt for barna som skal ha sin aller første skuledag på ny skule. Det å vere trygg og høyre til i felleskapet på skulen er avgjerande for å utvikle seg og å lære.

    I dei seinare åra har det vore ei negativ utvikling i barn og unge si oppleving av meistring og trivsel i skulen. Det er ein auke i tal elevar som oppgjev at dei vert mobba på skulen. Det er ei utfordring vi må ta tak i. Skulen er den viktigaste arena for felleskap og vennskap med jamaldringar og dermed og eit viktig område for å sikre at alle unge opplev trygge og inkluderande relasjonar med jamaldringar. Med fokus på vennskap i dei første øktene ynskjer vi å bidra til eit best mogleg psykososialt miljø i klassen og på skulen, noko som er viktig for etablering av vennskap og tilhøyrsle (Folkehelseinstituttet, 2024).

 
 
Å være venner er å møtes i et forhold hvor den enkelte opplever seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller hun er.
— Utdanningsdirektoratet
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

4. trinn

Neste
Neste

6. trinn