9. trinn

Tema: vennskap

Vennskap er ein viktig del av elevane si sosiale og emosjonelle utvikling. Det er mykje læring i å utvikle eigne vennskap, men barn treng også støtte og rettleiing til dette. Det finst fleire steg av vennskap barn går igjennom, men uavhengig av alder er vennskap bra for barn si utvikling (Bufdir, 2021). Lærarar er viktige førebilete for elevane i korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre.

Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt!

  • Etter 10. trinn

    Samfunnsfag

    • Reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar

    Kroppsøving

    • Anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader

    Prinsipp for læring, utvikling og danning (Kunnskapsløftet 2020)

    Skulen skal støtte og bidra til den sosiale læringa og utviklinga til elevane gjennom arbeid med faga og i skulekvardagen elles. Identiteten og sjølvbiletet, meiningane og haldningane til elevane blir til i samspel med andre. Sosial læring skjer både i undervisninga og i alle andre aktivitetar i regi av skolen. Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. Å kunne setje seg inn i kva andre tenkjer, føler og erfarer, er grunnlaget for empati og vennskap mellom elevane.

    Prinsipp for praksisen i skolen (Kunnskapsløftet 2020)

    Skulen skal utvikle inkluderande fellesskapar som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Elevmedverknad må prege praksisen i skolen. Dei normene og verdiane som pregar læringsfellesskapen, har stor betydning for den sosiale utviklinga til elevane. Vennskap skaper tilhøyrsle og gjer oss alle mindre sårbare. Når vi sjølv opplever å bli anerkjend og vist tillit, lærer vi å verdsetje både oss sjølv og andre. Elevane skal lære å respektere ulikskap og forstå at alle har ein plass i fellesskapen. Kvar elev har ei historie med seg, og dei har håp og ambisjonar for framtida. Når barn og unge møter respekt og anerkjenning i opplæringa, bidrar dette til ei oppleving av tilhøyrsle.

  • Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt. Derfor startar vi skuleåret med eit ekstra fokus på vennskap.

    Oppstart av nytt skuleår og overgangen frå ferie til skulestart kan vere tøff, spesielt for barna som skal ha sin aller første skuledag på ny skule. Det å vere trygg og høyre til i felleskapet på skulen er avgjerande for å utvikle seg og å lære.

    I dei seinare åra har det vore ei negativ utvikling i barn og unge si oppleving av meistring og trivsel i skulen. Det er ein auke i tal elevar som oppgjev at dei vert mobba på skulen. Det er ei utfordring vi må ta tak i. Skulen er den viktigaste arena for felleskap og vennskap med jamaldringar og dermed og eit viktig område for å sikre at alle unge opplev trygge og inkluderande relasjonar med jamaldringar. Med fokus på vennskap i dei første øktene ynskjer vi å bidra til eit best mogleg psykososialt miljø i klassen og på skulen, noko som er viktig for etablering av vennskap og tilhøyrsle (Folkehelseinstituttet, 2024).

 
 
Å være venner er å møtes i et forhold hvor den enkelte opplever seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller hun er
— Utdanningsdirektoratet
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

8. trinn

Neste
Neste

10. trinn