Yoga
Yoga består av ulike mentale og kroppslege øvingar og teknikkar mellom anna fysiske øvingar, mindfulness (merksamt nærvær) og pusteteknikkar. Yoga handlar om å ta kontroll over eige mentale og fysiske liv og skapa ro, konsentrasjon og fokus. Forsking har vist at Yoga for barn kan føra til auka konsentrasjon og minne, betre sjølv-regulering, auka sjølvtillit, auka kjensle av velvære, emosjonell balanse og fysisk form (Hagen, I., & Nayar, U. S, 2014).
Under finn du pusteøvingar, avspenningsteknikkar og fysiske yoga økter. Øktene kan brukast for å trena på fokus og konsentrasjon, for å gjera seg klar til ein time med fag eller vis elevane har behov for å kopla heilt av.

pusteøvingar
-
Varighet: 1-2 minutt
Sitt med rett rygg eller ligg på bakken og lukk auga. Sjå for deg at du har ein ballong i magen som du blåser opp med nasen. Pust inn og blås ballongen opp. Når du pustar ut, slepp du lufta sakte ut av ballongen. Pust inn og fyll ballongen heilt opp. Kjenn at magen bevegar seg utover. Slipp så luften sakte ut. Når du pustar ut kjenn at kroppen synker ned mot underlaget og at kroppen slapper heilt av. (Kort pause, la dei puste ein eller to gongar til). Fyll opp ballongen ein siste gong. Så slepp du lufta sakte ut, og opnar auga dine.
-
Varigheit: 1-2 minutt
Sitt med rett rygg. Lukk auga og hald langfingeren og peikefingeren i panna. Hald for høgre nasebor og pust inn med det venstre naseboret. Hald så for det venstre naseboret og pust ut gjennom det høgre naseboret. Gjer det gjerne saman med barna/elevane og si "såg held me for høgre nasebor og pustar inn med venstre, så held me for venstre nasebor og pustar ut med høgre" Hald på i 1-2minutt.
-
Varigheit: 1 minutt
Sjå for deg at du held eit levande lys i den eine handa di og ein blome i den andre. Hald hendene framfor deg. Bruk eitt langt pust til å langsamt blåse ut lyset i den eine handa til du er tom for luft, og snu deg og lukt på blomen i den andre handa med eitt langt pust. Gjenta dette 3 gongar.
Avspenning
-
I denne øvinga skal barna/elevane driva med visualisering. Ved å ha fokus på visualisering hjelper det barna/elevane til å vera her og no, og verkar avslappande. Det fører også til at ein styrkjer dei kreative delane av hjernen og ein blir betre i kreativ tenking.
Førebuing: Barna/elevane kan anten sitja på ein stol med rett rygg, kvila hovud i hendene på pulten eller liggja på bakken, helst med litt avstand så dei ikkje klarer å røra nokon andre.
Varigheit: 4-5 minutt
Ein varm sommardag (lydfil)
Ein varm sommardag (tekst) (ikkje komme endå)
-
I denne øvinga skal barna/elevane visualisera sitt lykkeland. ved å ha fokus på visualisering hjelper det barna/elevane til å vera her og no, og verkar avslappande. Det fører også til at ein styrkjer dei kreative delane av hjernen og ein blir betre i kreativ tenking.
Førebuing: Barna/elevane kan anten sitja på ein stol med rett rygg, kvila hovud i hendene på pulten eller liggja på bakken, helst med litt avstand så dei ikkje klarer å røra nokon andre.
Varighet: 3-4 minutt
Ditt lykkeland (lydfil)
Ditt Lykkeland (tekst) (ikkje komme endå)
-
Kroppsskanning er ei øving der ein flyt fokuset rundt til ulike delar av kroppen. Dette er ein god metode å få fokusera på her og no, og for å få hjernen og kroppen til å slappa av. Kroppsskanning kan føra til auka fokus og konsentrasjon og redusera stress.
Førebuing: fungerer best vis elevane ligg på bakken, helst med litt plass så dei ikkje rører nokon andre. kan også sitja på ein stol med rett rygg eller med hovud på pulten. førebu elevane på at dei skal liggja/sitja stille i omlag 5 minutt.
Varigheit: 4-5 minutt
Kroppsskanning (lydfil)
Kroppsskanning (tekst) (ikkje komme endå)
-
Denne øvinga roar ned kroppen og hjelper oss med å vere til stades her og no. Dette gjer at vi klarer å fokusere betre og er difor ei fin øving å gjere i starten av ein skuletime eller dersom ein slit med å fokusere på ei oppgåve eller har mange tankar i hovudet samtidig.
Førebuing: denne øvinga passar best når elevane sit ved pultane sine.
Varigheit: 2-3min

Fysiske yogaøkter
-
Passar best for 5-10.trinn
Utstyr: matte, ein skjerm å sjå på
Varigheit: 15 minutt
-
Passar best for barnehage-7.trinn, men fungerer også på ungdomskulen
Ustyr: ein skjerm å sjå videoen på
Varigheit: 6 minutt