Hjartesamling for barnehagane i Luster og Sogndal
Torsdag 1. februar og 8. februar møttest alle barnehagetilsette i Luster og Sogndal kommune for å bli kjende med «Hjartesamling», ein metode for å førebyggje vald og seksuelle overgrep mot barn.
Kurset vart halde av ressurspersonane Trude Lundekvam og Chatrine Elholm i NOK. Sogn og Fjordane, tidlegare Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane. På kurset møtte også representantar frå politiet og helsestasjonen.
«Hjartesamling» er ein metode for å kunne gje barn eit språk og verktøy til å kunne fortelje om det som er vanskeleg. Sentrale tema er berøringar, kjensler, vennskap, kroppen og hemmelegheiter.
Arrangør av samlinga var Oppvekst i samarbeid med folkehelseprosjektet Livsmeistring - Robuste barn og unge.
– Med Oppvekstreformen som bakteppe så vert kommunane oppmoda om å satsa endå meir på førebygging og tidleg innsats. Innføring av «Hjartesamling» vil vera med på å styrka det førebyggjande arbeidet i Lustrabarnehagane og Luster kommune, seier kommunalsjef oppvekst, Knut Åge Teigen.
Marte Kvisterø Krogstadmo, prosjektleiar for prosjektet Livsmeistring - Robuste barn og unge, supplerer:
– Å gje barn kunnskap om kropp og seksualitet er ikkje farleg. Det kan derimot vere farleg å ikkje snakke med barna om det. Hjartesamling er ein enkel og god metode som barnehagane kan bruke i samtalar med barna for å gje dei kunnskap om desse viktige temaa. Metoden gir barnehagane eit godt system på korleis dei kan jobbe med dette slik at ungane blir i betre stand til å beskytte seg sjølv, seie ifrå og respektere andre sine grenser.
14. desember 2023, vedtok Kommunestyret i Sogndal den førebyggande planen for førebygging av åtferdsvanskar og omsorgssvikt, "Saman samtidig". Kunnskap om, og arbeid mot vald og seksuelle overgrep er eit av hovudmåla i planen: Ingen barn og unge i Sogndal kommune skal utsettast for vald og seksuelle overgrep.
Prioritert strategi er mellom anna:
Tilsette skal gi barn og unge kunnskap og kompetanse om kropp og grenser slik at dei er trygge nok til å seie i frå til vaksne om vanskelege ting
Tilsette i Sogndal kommune skal kjenne att teikn og signal, og vite korleis dei skal handle tidleg ved avdekking av vald og seksuelle overgrep
Tilbakemeldingane frå deltakarane på kurset var at dette var veldig bra og nyttig med flinke førelesarar frå NOK. Sogn og Fjordane som var direkte og klare i talen.