Orientering om prosjektet i Kommunestyret

Torsdag 15. februar orienterte prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo om status og vegen vidare for  Livsmeistring- robuste barn og unge for Kommunestyret i Sogndal.

Prosjektet har ei tidsramme på fem år og vi har sidan oppstart i 2020 kartlagt no-situasjonen i barnehagane og skulane med ulike medverknadsmetodar. Vi har involvert breitt og Vestlandsforsking har analysert datamaterialet for oss. Analysen danna eit godt grunnlag for tiltaksutviklinga.

Kartlegginga har resultert i tre tiltak:

  1. Livsmeistring som eige fag på timeplan.

  2. Livsmeistring som eige tema i barnehagen.

  3. Eige plan for barnehage/skule- heim samarbeid.

Ei ressursgruppe med ungdom og 3 arbeidsgrupper er i gang med arbeidet.

Tiltaka som skal prøvast ut vil vere viktige bidrag inn i arbeidet med førebyggande plan for Luster- og Sogndal kommune.

Sjå opptaket her 

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Helsesjukepleiarane på kurs i “spør først”

Neste
Neste

Hjartesamling for barnehagane i Luster og Sogndal