Ny moglegheit for familieyoga
Har du lyst å gjere aktivitetar saman med nokon du er glad i? Laurdag 01.mars kan du bli med på ei gratis time med familieyoga. Du vil lære nyttige verktøy til å finne ro og til å vere til stades her og no. Du vil lære aktivitetar som har fokus på samarbeid, glede og meistring. Du treng ikkje kunnskap om yoga på førehand. Ha på behagelege klede og ta med drikke. Viss du ikkje har yogamatte, kan du låne av oss.