Yogahelg 17. - 19.januar
I prosjektet sin kartleggingsfase kom det tydeleg fram at tilsette og føresette ønska og etterlyste verktøy for å styrke barn og unge si psykiske helse. Barneyoga er eit verktøy som kan styrke barn og unge si evne til å handtere tankar og kjensler, bli meir robust, redusere stress, bli kjent med eigen kropp og finne indre ro i kvardagen – både i barnehage, skule og heim. På kurset lærte deltakarane om leik, song og eventyr som praktiske verktøy for å lede barn til å bli kjend med seg sjølv, pusten sin, tankar, følelsar, bevegelse og avspenning. Sjå tilbakemeldingar frå deltakarane under .