1. trinn
Tema: kropp
Meir info kjem…
-
Etter 2. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
I den første timen er målet å starte barna sine refleksjonar rundt kroppen. Filosofering og undring er nøkkelord i samtalen med barna. Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar». Eit spesifikt mål for temaet om kropp er at elevane skal bli meir bevisst på samanhengane mellom kropp, følelsar og erfaringar, slik at ein ikkje forstår kropp og sjel som noko som er åtskilt frå kvarandre.
Naturfag
Beskrive og samtale om kroppen og korleis ein kan ta vare på han
Undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar
utforske sansane gjennom leik ute og inne og samtale om korleis sansane blir brukte til å samle informasjo
Samfunnsfag
Samtale om at menneske er like, og at menneske er ulike, og vise respekt for kvarandre
Presentere og gi døme på rettar barn har i Noreg og verda, og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane
Beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket
Samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast
Norsk
Lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar
Kunst og handverk
Eksperimentere med og uttrykke seg gjennom enkle, visuelle verkemiddel i teikning, maling og andre teknikkar
-
-
Her kjem det informasjon om ekstra ressursar til tema og om tenester som kan bidra inn i undervisninga
“Undervisning i seksualitet må starte tidligere og gis oftere”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
Noko av innhaldet til undervisninga for 1.- og 2. trinn er henta frå Hjartesamling av Nok. Sogn og Fjordane. Sjå vedlegg om førebuing under.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg: Førebuing
-
Noko av innhaldet til undervisninga for 1.- og 2. trinn er henta frå Hjartesamling av Nok. Sogn og Fjordane. Sjå vedlegg om førebuing under.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg: Førebuing
-
Førebuing: I denne økta er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. Reaksjonar ein ser kan ha mange ulike årsaker. Nokre som kan vere viktig å merke seg er: miste fokus, gråt, frykt og ubehag. Skriv ned kven som reagerer og kvifor (Nok. Sogn og Fjordane,2021). Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg: Førebuing
-
Førebuing: I denne økta er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. Reaksjonar ein ser kan ha mange ulike årsaker. Nokre som kan vere viktig å merke seg er: miste fokus, gråt, frykt og ubehag. Skriv ned kven som reagerer og kvifor (Nok. Sogn og Fjordane, 2021). Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.
Last ned undervisningsøkta her
Førebuing: