2. trinn

Tema: kropp

Meir info kjem…

  • Etter 2. trinn

    Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan

    • I den første timen er målet å starte barna sine refleksjonar rundt kroppen. Filosofering og undring er nøkkelord i samtalen med barna. Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar». Eit spesifikt mål for temaet om kropp er at elevane skal bli meir bevisst på samanhengane mellom kropp, følelsar og erfaringar, slik at ein ikkje forstår kropp og sjel som noko som er åtskilt frå kvarandre.

    Naturfag

    • Beskrive og samtale om kroppen og korleis ein kan ta vare på han

    • Undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar

    • utforske sansane gjennom leik ute og inne og samtale om korleis sansane blir brukte til å samle informasjo

    Samfunnsfag

    • Samtale om at menneske er like, og at menneske er ulike, og vise respekt for kvarandre

    • Presentere og gi døme på rettar barn har i Noreg og verda, og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane

    • Beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket

    • Samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast

    • beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket

    Norsk

    • Lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar

    Kunst og handverk

    • Eksperimentere med og uttrykke seg gjennom enkle, visuelle verkemiddel i teikning, maling og andre teknikkar

  • Her kjem det informasjon om ekstra ressursar til tema og om tenester som kan bidra inn i undervisninga

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
Temaet må være mindre tabu for voksne å snakke om. Det skal ikke være flaut å si pupp og penis i voksen alder
— Elev om seksualitetsundervisning i skolen. Sex og samfunn , 2022
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 2. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 2. klasse det eine året til 2. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

  • Mykje av innhaldet til undervisninga for 1.- og 2. trinn er henta frå Hjartesamling av Nok. Sogn og Fjordane. Sjå vedlegg om førebuing under.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Vedlegg: Førebuing

  • Noko av innhaldet til undervisninga for 1.- og 2. trinn er henta frå Hjartesamling av Nok. Sogn og Fjordane. Sjå vedlegg om førebuing under.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærerrettleiing her

    Vedlegg: Førebuing

  • Førebuing: I denne økta er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. Reaksjonar ein ser kan ha mange ulike årsaker. Nokre som kan vere viktig å merke seg er: miste fokus, gråt, frykt og ubehag. Skriv ned kven som reagerer og kvifor (Nok. Sogn og Fjordane,2021). Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Vedlegg: Førebuing

  • Førebuing: I denne økta er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. Reaksjonar ein ser kan ha mange ulike årsaker. Nokre som kan vere viktig å merke seg er: miste fokus, gråt, frykt og ubehag. Skriv ned kven som reagerer og kvifor (Nok. Sogn og Fjordane,2021). Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Førebuing:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

1. trinn

Neste
Neste

3. trinn