3. trinn

Tema: kropp

Meir info kjem…

  • Etter 2. trinn

    Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan

    Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar», knytt til Folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan. Eit spesifikt mål for temaet om kropp og sjølvkjensle er at elevane skal bli meir bevisst på samanhengane mellom kropp, følelsar og erfaringar, og korleis ein kan akseptere og handtere endringar i pubertet/utvikling.

    Naturfag

    • samtale om likskapar og ulikskapar mellom kjønna, om kjønnsidentitet og om korleis mennesket reproduserer seg

    • undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar

    Norsk

    • følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål

    KRLE

    • setje seg inn i og formidle eigne og andre sine tankar, kjensler og erfaringar

    • samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman

    Samfunnsfag

    • samtale om grenser knytt til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp viss ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
...
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 3. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 3. klasse det eine året til 3. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

  • Nok. Sogn og Fjordane har føljande råd til førebuing: ​

    I tema kropp oppmodar vi dei tilsette om å øve seg på korleis ein snakkar med barna om kropp, kroppsdelar og korleis barn blir til. Snakk med ein kollega, bruk orda. Grunnen til dette er at vaksne ofte kan synast det er vanskeleg å snakke med barn om dette tema. Vi ynskjer at barn skal få ei oppleving om at dette er noko som er naturleg som ein snakkar om. Då er det viktig at den tilsette følar seg trygg, er tydeleg og naturleg i samtale med elevane.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Vedlegg: Førebuing

  • I denne økta er det viktig å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. (Nok. Sogn og Fjordane, 2021). Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevar kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Vedlegg: Førebuing

  • Timen handlar om seksuelle overgrep.  Ikkje gjennomfør undervisningsøkta aleine. De bør vere minst to vaksne slik at de får med dykk ev. reaksjonar frå elevane. Då kan den eine observere og ev. følgje opp medan den andre kan fortsette undervisninga. Reaksjonar ein ser kan ha mange ulike årsaker. Nokre som kan vere viktig å merke seg er: miste fokus, gråt, frykt og ubehag. Skriv ned kven som reagerer og kvifor (Nok. Sogn og Fjordane, 2021).  

    Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg for elevane under og i etterkant av timen. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her (viss ho/han ikkje er med i timen). Unngå å ha økta på ein fredag. 

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Førebuing:

  • Det er fint å vere to vaksne og/ eller at helsesjukepleiar er til stades slik at dei vaksne får med seg ev. reaksjonar hjå elevane. Helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta slik at elevane kan få ein samtale viss dei treng det. Informer elevane om at helsesjukepleiar er her. Unngå å ha økta på ein fredag.

    Last ned undervisningsøkta her

    Last ned lærarrettleiing her

    Førebuing:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

2. trinn

Neste
Neste

4. trinn