10. trinn

Tema: Nettvett

Tema nettvett skal bidra til at elevane skal kome med forslag til korleis dei kan vere ein god venn, inkludere og vise respekt for kvarandre på nettet. Ved å lytte til elevane får vi eit innblikk i kva dei faktisk gjer på nettet, korleis dei opplev nettkontakt med medelevar og kva dei sjølv meiner skal til for å ha eit godt klassemiljø, enten i klasserommet, på fritidsaktivitetar eller på nettet.

Å lære elevar nettvett er viktig i arbeidet med å gje dei eit godt og trygt klassemiljø.

  • Etter 10. trinn

    Samfunnsfag

    • Utforske og reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar.

    • Utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på, og innhaldet i samfunnsdebatten. 

    • Utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora, og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett. 

    KRLE 

    • Identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytt til ulike former for kommunikasjon. 

    • Utforske andre sitt perspektiv og handtere usemje og meiningsbryting.

    Norsk

    • Bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder på ein etterretteleg måte i eigne tekstar.

    • Utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon.

    • Informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar, og for ulike formål tilpassa mottakar og medium.

  • Det viktigaste i førebyggande arbeid er at det føregår systematisk og over tid. Jamlege små drypp om nettvett og det å treffe gode val på nett vil bidra til auka refleksjon og læring hjå elevane. Arbeid over tid kan bidra til å styrke klassemiljøet og til å førebygge krenkingar og uheldige eller uønska opplevingar på nett. Det er viktig å skape ein trygghet for at elevane kan seie ifrå viss krenkingar eller uheldige eller uønska opplevingar likevel førekjem.

    I følgje Medietilsynet (Barn og Medier, 2022) har

    • 48 % av barn i alderen 1-5 år tilgang til nettbrett, 14 % til spillkonsoll og 5 % tilgang til PC.

    • Av barn med tilgang til nettbrett, byrja dei fleste (72 %) å bruke dette før dei fylte 3 år.

    • 93 % av alle barn mellom 9 og 11 år har eigen mobil

    • Halvparten av 9-åringane og 56 % av 10-åringane er på sosiale medier

    • 50 % av barn i alderen 13-19 år har sett skremmande eller valdelege bilete/filmar, som til dømes menneske som skadar andre menneske eller dyr, på nettet.

    Kripos seier at mange barn og unge blir lurt på internett av vaksne som er seksuelt tiltrekt av barn. Dei vaksne tek i bruk chat, apper og spel. Ei av anbefalingane til Kripos er at det er viktig at barn og vaksne er opne og snakkar saman om god og trygg internettbruk.

    Unge som har kontakta politiet, fortel at dei ikkje har sagt i frå til nokon om det ubehagelege dei har opplevd på internett. Dei trur ai dei vaksne ikkje vil forstå situasjonen og vil nekte dei å bruke internett.

    Språkbruken mellom elevar og hjå dei vaksne påverkar skulemiljøet, både når det gjeld til trivsel, meistring og læring.

    I Redd Barna-rapporten «Ikke bare si at det kommer til å ordne seg», var elevane tydelege på at negative kommentarar og stygt språkbruk både frå barn og vaksne rundt dem påverka klassemiljøet i stor grad.

    Førebyggande arbeid mot stygt språkbruk i elevgruppa må vere ein del av det systematiske og førebyggande arbeidet med å skape trygge og inkluderande klassemiljø, og ikkje vere kampanjestyrt gjennom einskilde tiltak med kort varighet.

    Elevane sitt språkbruk vert i stor grad påverka av medelevar på skulen, men og i svært stor grad av dei vaksne rundt dei både på skulen og i heimen, og av kva dei ser og høyrer på sosiale media, spel og skjerm.

    Dette startar tidleg, og det må derfor jobbast med språkbruken i barneskulen, og ein bør byrje tidleg.

 
 
Når noen mobber, må voksne finne inn til det som gjør vondt inni oss. Det er smartere enn kjeft og konsekvenser
— Forandringsfabrikken 2016
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 10. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 10. klasse det eine året til 10. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

9. trinn