9. trinn
Tema: Nettvett
Tema nettvett skal bidra til at elevane skal kome med forslag til korleis dei kan vere ein god venn, inkludere og vise respekt for kvarandre på nettet. Ved å lytte til elevane får vi eit innblikk i kva dei faktisk gjer på nettet, korleis dei opplev nettkontakt med medelevar og kva dei sjølv meiner skal til for å ha eit godt klassemiljø, enten i klasserommet, på fritidsaktivitetar eller på nettet.
Å lære elevar nettvett er viktig i arbeidet med å gje dei eit godt og trygt klassemiljø.
-
Etter 10. trinn
Samfunnsfag
Utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett
Reflektere over korleis identitet, sjølvbilde og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
Beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
Norsk
Utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon
KRLE
Identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytt til ulike former for kommunikasjon
-
Det viktigaste i førebyggande arbeid er at det føregår systematisk og over tid. Jamlege små drypp om nettvett og det å treffe gode val på nett vil bidra til auka refleksjon og læring hjå elevane. Arbeid over tid kan bidra til å styrke klassemiljøet og til å førebygge krenkingar og uheldige eller uønska opplevingar på nett. Det er viktig å skape ein trygghet for at elevane kan seie ifrå viss krenkingar eller uheldige eller uønska opplevingar likevel førekjem.
I følgje Medietilsynet (Barn og Medier, 2022) har
48 % av barn i alderen 1-5 år tilgang til nettbrett, 14 % til spillkonsoll og 5 % tilgang til PC.
Av barn med tilgang til nettbrett, byrja dei fleste (72 %) å bruke dette før dei fylte 3 år.
93 % av alle barn mellom 9 og 11 år har eigen mobil
Halvparten av 9-åringane og 56 % av 10-åringane er på sosiale medier
50 % av barn i alderen 13-19 år har sett skremmande eller valdelege bilete/filmar, som til dømes menneske som skadar andre menneske eller dyr, på nettet.
Kripos seier at mange barn og unge blir lurt på internett av vaksne som er seksuelt tiltrekt av barn. Dei vaksne tek i bruk chat, apper og spel. Ei av anbefalingane til Kripos er at det er viktig at barn og vaksne er opne og snakkar saman om god og trygg internettbruk.
Unge som har kontakta politiet, fortel at dei ikkje har sagt i frå til nokon om det ubehagelege dei har opplevd på internett. Dei trur ai dei vaksne ikkje vil forstå situasjonen og vil nekte dei å bruke internett.
Språkbruken mellom elevar og hjå dei vaksne påverkar skulemiljøet, både når det gjeld til trivsel, meistring og læring.
I Redd Barna-rapporten «Ikke bare si at det kommer til å ordne seg», var elevane tydelege på at negative kommentarar og stygt språkbruk både frå barn og vaksne rundt dem påverka klassemiljøet i stor grad.
Førebyggande arbeid mot stygt språkbruk i elevgruppa må vere ein del av det systematiske og førebyggande arbeidet med å skape trygge og inkluderande klassemiljø, og ikkje vere kampanjestyrt gjennom einskilde tiltak med kort varighet.
Elevane sitt språkbruk vert i stor grad påverka av medelevar på skulen, men og i svært stor grad av dei vaksne rundt dei både på skulen og i heimen, og av kva dei ser og høyrer på sosiale media, spel og skjerm.
Dette startar tidleg, og det må derfor jobbast med språkbruken i barneskulen, og ein bør byrje tidleg.
“Vi kan ikke velge om vi vil være på skolen, derfor ber vi om at skolen tar trygghet på stort alvor”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 9. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 9. klasse det eine året til 9. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.