1. trinn
Tema: økonomi og levevanar
Tema økonomi og levevanar skal bidra til å ruste elevane for framtida. Kunnskap om levevanar er viktig for å fremje velvære og sunne livsstilar blant barn og unge. Ved å lære grunnleggjande økonomiske prinsipp, som budsjettlegging, sparing og skilnaden mellom behov og ønskje, kan elevane bygge ei solid økonomisk forståing som vil vera til nytte gjennom heile livet deira.
-
Etter 2. trinn:
Kunst og handtverk
Førestille seg og beskrive framtida gjennom teikning og modellar
Samfunnsfag
Samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast
Reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val
Kroppsøving
Utforske eiga kroppsrørsle i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
Utforske og gjennomføre grunnleggjande bevegelsar som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i ulike miljø ut frå eigne føresetnader
Naturfag
Utforske sansane gjennom leik ute og inne, og samtale om
Korleis sansane blir brukte til å samle informasjon
Gje eksempel på nokre vanlege sjukdomar og samtale om kva
Ein kan gjere for å verne kroppen mot smittsame sjukdomar
Norsk
Uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
Lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar
Beskrive og fortelje munnleg og skriftleg
KRLE
Sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer
-
Mei info kjem..
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.