1. trinn
Tema: relasjonar
Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).
-
Etter 2. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar».
Samfunnsfag
samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar
utforske og gi døme på korleis barn kan påverke avgjerder og samarbeide om
demokratiske prosessar
Kroppsøving
• utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
Norsk
lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar
samtale om og beskrive korleis ord vi bruker, kan påverke andre
Naturfag
utforske sansane gjennom leik ute og inne og samtale om korleis sansane blir brukte til å samle informasjon
-
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025