2. trinn

Tema: relasjonar

Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).

  • Etter 2. trinn

    Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan

    • Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar».

    Samfunnsfag

    • samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar

    • utforske og gi døme på korleis barn kan påverke avgjerder og samarbeide om

    • demokratiske prosessar

    Kroppsøving

    • utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre

    Norsk

    • lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar

    • samtale om og beskrive korleis ord vi bruker, kan påverke andre

    Naturfag

    • utforske sansane gjennom leik ute og inne og samtale om korleis sansane blir brukte til å samle informasjon

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
...
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 2. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 2. klasse det eine året til 2. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

1. trinn

Neste
Neste

3. trinn