10. trinn
Tema: relasjonar
Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).
-
Etter 10. trinn
Overordna del 2. Prinsipp for læring, utvikling og danning
Grunnleggjande ferdigheiter i norsk: Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, fortelje og samtale.
Sosial læring og utvikling: Dialog står sentralt i sosial læring, og skolen skal formidle verdien og betydninga av ein lyttande dialog for å takle motstand. I møte med elevane skal lærarane fremje kommunikasjon og samarbeid som gir elevane mot og tryggleik til å ytre eigne meiningar og til å seie ifrå på vegner av andre. Å lære å lytte til andre og samtidig argumentere for eigne syn gir elevane eit grunnlag for å handtere usemje og konfliktar, og for å søkje løysingar i fellesskap.
Samfunnsfag
reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
Kroppsøving
Anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader.
-
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 10. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 10. klasse det eine året til 10. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, du kan fordele det utover fleire timar, eller bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, du kan fordele det utover fleire timar, eller bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025