9. trinn

Tema: relasjonar

Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).

  • Etter 10. trinn

    Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan

    • reflektere over mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere relasjonar

    Norsk

    • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema

    • utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon

    KRLE

    • utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting

    • identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytte til ulike former for kommunikasjon

    Samfunnsfag

    • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
...
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 9. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 9. klasse det eine året til 9. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

8. trinn

Neste
Neste

10. trinn