3. trinn
Tema: relasjonar
Temaet relasjonar skal handla om sosial læring og utvikling. Dette skjer i stor grad i eit fellesskap og gjennom samhandling med andre. Gjennom dette samspillet utviklar elevane sosiale ferdigheiter som empati, sjølvhevdelse, samarbeid, sjølvregulering og ansvar. Desse ferdigheitene er viktige både for elevane si faglege og sosiale utvikling (Udir, 2023).
-
Etter 4. trinn
Mål knytt til folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan
Gjennom refleksjonsoppgåver, diskusjonar og leik/aktivitet er målet med økta å bevisstgjere: «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar», knytt til Folkehelse og livsmeistring i overordna del av læreplan, samt «Dei skal øve opp evna til å tenkje kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje» knytt til Demokrati og medborgarskap.
Norsk
følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål
reflektere over korleis språkbruken vår påverkar andre, og korleis vi tilpassar og endrar språket i ulike situasjonar
Samfunnsfag
samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og samarbeide med andre om å finne konstruktive løysingar
presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst
samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
samtale om nokre viktige offentlege institusjonar og verksemder i Noreg og reflektere over kva dei betyr i livet til menneska
Kroppsøving
utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
KRLE
setje seg inn i og formidle eigne og andre sine tankar, kjensler og erfaringar
samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman
-
“...”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 3. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 3. klasse det eine året til 3. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
For tema relasjonar er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar, eller du kan bruke undervisningsmateriell frå dei andre trinna.
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025