5. trinn

Tema: Takknemleg

I tema takknemleg skal elevane øve seg på å legge merke til det som er bra i livet og å sette pris på det. Elevane skal reflektere over kva som er fint både med seg sjøl, menneska rundt, opplevingar i kvardagen og med naturen. Kva betyr det å vere takknemleg, korleis kan dei vise takknemlegheit og korleis kjennes det å vere takknemleg for noko er døme på spørsmål i undervisninga.

  • Etter 7. trinn

    Kunst og handverk

    • utforske og reflektere over korleis følelsar og meiningar vert vist i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelsar og meiningar i eigne arbeid

    Samfunnsfag

    • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap

    Kroppsøving

    • utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre

    KRLE

    • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar

    • reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til levesettet og levekåra til menneska og til framtida til kloden

    Norsk

    • utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet

    Mål knytt til overordna del

    Gjennom praktiske øvingar, og ved å reflektere både åleine og i samtale med andre over kva ein er takknemleg for, vil undervisninga bidra til å sette ord på og bevisstgjere «Verdival og betydning av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet»

  • Å praktisere takknemlegheit er ein effektiv måte å styrke psykisk og fysisk helse på. Å gå aktivt inn for å være glad for kva ein har i livet, har nemleg ein veldokumentert helsefremjande effekt. Ikkje berre får vi håp og blir meir tilfredse og optimistiske, det bidreg også til å redusere depresjon, angst, misunning og stress. Vi blir meir tilfredse og optimistiske. Menneske som praktiserer takknemlegheit, søv også betre. Forsking viser til og med at takknemlegheit kan lindra fysisk smerte, senka blodtrykket og styrka immunforsvaret.

    Kjelde: https://psykologisk.no/2023/03/fordelene-med-a-trene-pa-takknemlighet/

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
Educating the mind without educating the heart is no education at all
— Aristoteles
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

4. trinn

Neste
Neste

6.trinn