6.trinn
Tema: Takknemleg
I tema takknemleg skal elevane øve seg på å legge merke til det som er bra i livet og å sette pris på det. Elevane skal reflektere over kva som er fint både med seg sjøl, menneska rundt, opplevingar i kvardagen og med naturen. Kva betyr det å vere takknemleg, korleis kan dei vise takknemlegheit og korleis kjennes det å vere takknemleg for noko er døme på spørsmål i undervisninga.
-
Etter 7. trinn
Kunst og handverk
utforske og reflektere over korleis følelsar og meiningar vises i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelsar og meiningar i eigne arbeider
Samfunnsfag
utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
Kroppsøving
utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
KRLE
utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til levesettet og levekåra til menneska og til framtida til kloden
Norsk
utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet
Mål for undervisninga knytt til overordna del
Gjennom praktiske øvingar og ved å reflektere både åleine og i samtale med andre over kva ein er takknemleg for, vil undervisninga bidra til å sette ord på og bevisstgjere «Verdival og betydning av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet»
-
Å praktisere takknemlegheit er ein effektiv måte å styrke psykisk og fysisk helse på. Å gå aktivt inn for å være glad for kva ein har i livet, har nemleg ein veldokumentert helsefremjande effekt. Ikkje berre får vi håp og blir meir tilfredse og optimistiske, det bidreg også til å redusere depresjon, angst, misunning og stress. Vi blir meir tilfredse og optimistiske. Menneske som praktiserer takknemlegheit, søv også betre. Forsking viser til og med at takknemlegheit kan lindra fysisk smerte, senka blodtrykket og styrka immunforsvaret.
Kjelde: https://psykologisk.no/2023/03/fordelene-med-a-trene-pa-takknemlighet/
“Educating the mind without educating the heart is no education at all”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 6. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 6. klasse det eine året til 6. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
-
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025