7. trinn
Tema: Takknemleg
I tema takknemleg skal elevane øve seg på å legge merke til det som er bra i livet og å sette pris på det. Elevane skal reflektere over kva som er fint både med seg sjøl, menneska rundt, opplevingar i kvardagen og med naturen. Kva betyr det å vere takknemleg, korleis kan dei vise takknemlegheit og korleis kjennes det å vere takknemleg for noko er døme på spørsmål i undervisninga.
-
Etter 7. trinn
Norsk
utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet
Kunst og Handverk
utforske og reflektere over korleis følelsar og meiningar vert vist i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelsar og meiningar i eigne arbeid
Samfunnsfag
utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
Kroppsøving
utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
KRLE
utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til levesettet og levekåra til menneska og til framtida til kloden
Mål for undervisninga relatert til overordna del
Gjennom praktiske øvingar og ved å reflektere både aleine og i samtale med andre over kva ein er takknemleg for, vil undervisninga bidra til å sette ord på og bevisstgjere «Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar høyrer òg heime under dette temaet».
-
Å praktisere takknemlegheit er ein effektiv måte å styrke psykisk og fysisk helse på. Å gå aktivt inn for å være glad for kva ein har i livet, har nemleg ein veldokumentert helsefremjande effekt. Ikkje berre får vi håp og blir meir tilfredse og optimistiske, det bidreg også til å redusere depresjon, angst, misunning og stress. Vi blir meir tilfredse og optimistiske. Menneske som praktiserer takknemlegheit, søv også betre. Forsking viser til og med at takknemlegheit kan lindra fysisk smerte, senka blodtrykket og styrka immunforsvaret.
Kjelde: https://psykologisk.no/2023/03/fordelene-med-a-trene-pa-takknemlighet/
“Educating the mind without educating the heart is no education at all”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
For tema takknemleg er det to økter. Øktene har mykje innhald, slik at du kan fordele det utover fleire timar.
Last ned undervisningsøkta her
Vedlegg:
-
Kjem hausten 2025
-
Kjem hausten 2025