
Vennskap
Vennskap er ein viktig del av elevane si sosiale, emosjonelle og kognitive utvikling. I tillegg er vennskap ei viktig kjelde til auka livskvalitet, og er med på å forme identitet og tilhøyrsle hjå barn og unge. Det er mykje læring i å utvikle eigne venskap, men barn treng også støtte og rettleiing til dette. Det finst fleire steg av venskap barn går igjennom, men uavhengig av alder er venskap bra for barn si utvikling (Bufdir, 2021). Lærarar er viktige førebilete for elevane i korleis ein skal vere mot kvarandre.
Opplevinga av tilhøyrsle er viktig for at vi skal kunne utvikle oss, lære, vere trygge og ha det godt!